Tekst: Birte Fjellro,

Foto: NRK/Viafilm,

Publisert: 15.02.2018 14:54,

NRK-serien En natt leiker med det motstridande, det kleine og det absolutt vakre.

I En natt møter vi servitøren Elisabeth, spela av MyAnna Burning, og snekkeren Jonas, spela av Anders Baasmo Chrisiansen. Dei to er på blind date, eit konsept ingen av dei er særleg komfortable med. I byrjinga sitt ho og riv i stykker serviettar, ser ned og verkar særs uinteressert i heile greia. Han på si side, overkompenserer med klumsete vitsar og litt for mykje humør. Sjølv ønska eg å rive dei to ifrå kvarandre, for ikkje alle passer saman, og ikkje alle treng å gå på blind date. Likevel har serien heile tida eit driv. Du forblir sjåande. Noko trekk handlinga grasiøst framover, og kvar scene slepp små drypp av noko som verkar «større». På denne måten held du faktisk ut det kleine, og dette «større» er verdt å vente på.

Dei ti episodane føregår i sanntid, og vi følgjer daten time for time, gjennom ein sommarlys kveld og natt i hovudstaden. En natt er ein moderne, nyskapande, intens og tidvis ubehageleg serie. Den er cinematografisk upåklageleg, og viser Oslo frå si absolutt beste side. Handlinga er verkelegheitsnær, truverdig, fin og vond. Den leikar med motstridande element og kjensler. Stundom vert du tvungen til å grine, før det heile vert brote av latter. Serien speler på det sørgjelege, det humoristiske og det absolutt kleine, og byr gjennom heile handlinga på overraskande element. Hovudkarakterane trengjer seg inn i hjarta. Du ser dei som svært ordinære medmenneske, som på kvar sin måte ønskjer å finne vegen til eit betre og lettare liv.

Ei fallhøgde kunne ha vore opninga av kvar episode. For dei startar nemleg med kvar sine djupe sitat. Vi snakkar ikkje om typ «Home is where the heart is», men ikkje langt ifrå: «We’re born alone, we die alone…». I utgangspunktet kunne nok dette lagt eit halvkleint teppe over heile opplegget, men det trekk snarare endane i serien saman. Alle desse sitata kjem til rette etter kvart som både episoden og handlinga utviklar seg. Dei vert ikkje lenger noko svevande, men noko som sett ord på akkurat det karakterane ikkje uttrykkjer verbalt.

Sjølv for ei som ikkje er særleg begeistra for Oslo, er dette ein serie som både gjer meg forelska i byen, men også karakterane. Dei to, mest fordi dei er menneske som ikkje heilt veit kva dei driv med. Oslo, fordi staden sjeldan har vore portrettert betre.

NRK og Viafilm har absolutt klart å skape eit drama som verkar sannverdig og verkelegheitsnært, med alle dei elementa ein kan ønskje seg frå ein blind date.

- Annonse -